article







Grå er ein vanleg farge i naturen som ein kan framstilla ved å blanda svart og kvitt i ulike mengder.

I lite lys ser menneskeauget dei fleste fargar som grå, ettersom det bare er stavane i auget som verker då.

HrMsRotterdam.jpg

Fargelære


To fargar blir kalla komplementærfargar dersom dei lagar grått når dei blir blanda. I tillegg til paret svart og kvitt er òg gult og blått, raudt og grønt, oransje og sjøblått og lime og lilla slike komplementærfargar. Grått er sin eigen komplementærfarge.

Tonar av grått blir brukte som kamuflasje i byområde og av marineskip.

Grått som symbol


Heavy mist.jpg»)]] Grått kan stå for noko som er keisamt og gjennomsnittleg. Me snakkar om den grå kvardagen, om ein keisam eller usynleg grå person. Grått kan stå for depresjon og einsemd. Hausten med mykje skodde og regnvêr blir omtala som ei grå årstid med triste grå dagar. Grått er òg ein byfarge som minner om stål, betong og granitt og blir sett opp som ein negativ kontrast til den grøne naturen.

Når det gjeld moralske spørsmål kan grått brukast for å skildra ein situasjon som ikkje har klare svar i staden for ei klar god (kvit) og dårleg (svart) løysing.

Grå dyr


Canis lupus portrait.jpg Gråtass og gråbein er omskrivingar som er blitt brukte om ulv.

Peikar ut


farger

Grå | Grå | Grå | Gris | Šedá | Grau | Γκρι | Grey | Gris | Griza | Gris | Grigio | אפור | Grijs | 灰色 | Cinza | Серый цвет | Gray | Sivá | Harmaa | Xám | Gri | 灰色

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Grå".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld