article

Strait of gibraltar.jpgfoto frå NASA med Den iberiske halvøya til venstre (nord) og Maghreb til høgre (sør). Vi ser Middelhavet i bakgrunnen og Atlanterhavet nedst til venstre i forgrunnen. Innsnevringa mellom Atlanterhavet og Middelhavet er Gibraltarsundet.]] Strasse von Gibraltar2004.jpg i Spania til fjellet Musa i Marokko.]]

Gibraltarsundet er namnet på den smale delen av havstrekninga mellom Spania og Gibraltar i nord og Marokko og Ceuta i sør, og som utgjer sjøvegen mellom Atlanterhavet i vest og Middelhavet i aust. Fjella som avgrensar Gibraltarsundet var kjende som Herkulessøylane i antikken. Det finst nokre småe øyar der som både Spania og Marokko gjer krav på, som til dømes Isla Perejil. Sundet er 300 meter djupt og er kring 15 km vidt på det smalaste.

Gibraltarsundet ligg svært strategisk til. Skip som går mellom Atlanterhavet og Middelhavet passerer gjennom dette sundet under Gibraltarfjellet. I tillegg er dette den enklaste vegen mellom Europa og Afrika for landvegsfarande. Under Andre verdskrigen hadde britiske styrkar kontroll over Gibraltarsundet frå basen sin. Tyske undervassbåtar som kom seg inn i Middelhavet vart i praksis fanga der, sidan dei ikkje kunne gå ut sundet i overflateposisjon på grunn av britisk overvaking og dei ikkje kunne dykke ut sundet heller sidan djupvasstraumane var for strie.

Spanske og marokkanske styresmakter har i dei siste åra drive felles utgreiingsarbeid om i kva grad det er mogleg å byggje ein tunnel under sundet på liknande vis som Kanaltunnelen mellom England og Frankrike. Ein ny treårsplan for utgreiing av ei mogleg jarnbanetunnel vart kunngjort i 2003.

I tillegg har ei gruppe amerikanske og britiske ingeniørar undersøkt moglegheita for å byggje bru over sundet. Ei slik bru ville måtta vera ei kombinert fagverks-hengebru og ville vera mykje høgre (over 900 meter) og lengre (15 km) enn noka bru som finst i dag.

Sjå òg


Eksterne lenkjer


Planlagd tunnel

Gibraltar | Marokko | Spania | Europeiske sund | Middelhavet

Gibraltarstredet | Gibraltar sund | Straat van Gibraltar | مضيق جبل طارق | Гибралтарски проток | Estret de Gibraltar | Gibraltarský průliv | Straße von Gibraltar | Gibraltari väin | Strait of Gibraltar | Estrecho de Gibraltar | Ĝibraltara Markolo | Détroit de Gibraltar | Estreito de Xibraltar | 지브롤터 해협 | Selat Gibraltar | Gíbraltarsund | Stretto di Gibilterra | מצר גיברלטר | გიბრალტარის სრუტე | Fretum Gaditanum | Strooss vu Gibraltar | Gibraltaro sąsiauris | Gibraltári-szoros | Straat van Gibraltar | ジブラルタル海峡 | Cieśnina Gibraltarska | Estreito de Gibraltar | Гибралтарский пролив | Gibraltársky prieliv | Gibraltarinsalmi | Eo biển Gibraltar | Ґібралтарська протока | Sitroet d' Djibraltar | 直布羅陀海峽

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Gibraltarsundet".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld