Frankrike er ein republikk i Vest-Europa med fleire territorium i Stillehavet og det karibiske havet. Den europeiske delen blir sagt å vera sekskanta, med tre kystar mot Middelhavet, Atlanterhavet og den engelske kanalen, og tre landegrenser: Til Spania og Andorra i sørvest, til Sveits, Italia og Monaco i søraust, og til Belgia, Luxembourg og Tyskland i nord. Bare kanalen skil landet frå Storbritannia.
Landet har hatt stor innverknad på historia til både Vest-Europa og resten av verda. Den franske revolusjonen inspirerte til opprør og politisk endring i andre land, og innførte nye ordningar, som menneskerettane og SI-systemet, som skulle bli verdsomspennande. Frankrike har òg vore ei stor kolonimakt, og styrer framleis nokre fjerntliggjande territorium. I denne samanhengen har landet hatt ord på seg for å gjera mykje vondt mot dei det herska over.
Etterfølgarane til Karl den store regjerte over Frankrike til 987, då Hugh Capet, hertug av Frankrike og greve av Paris, vart krona til konge av Frankrike. Hans etterfølgarar (som utgjorde dynastia Capetian, Valois og Bourbon.) styrte landet til 1792. Den franske revolusjon starta i 1789 og resulterte i at Frankrike vart ein republikk i 1792. Napoleon Bonaparte tok kontroll over republikken i 1799 og gjorde seg sjølv til første konsul. Fleire blodige krigar herja då over heile Europa, Naploeon erobra fleire land og etablerte nye kongedømer med sine eigne familiemedlemer som overhovud. Etter Napoleons endelege nederlag i 1815 vart det franske monarkiet gjeninnført, men vart så avskaffa og fulgt av ein ny republikk i 1848. Den andre republikken varte til Napoleons nevø Louis-Napoléon Bonaparte vart valgt til president og erklærte seg sjølv som keisar i 1852. Keisar Napoleon III vart avsatt og ein tredje republikk innført i 1870.
Frankrike var på den sigrande sida i begge verdskrigane på 1900-talet. Frankrike leid likevel store tap både økonomisk og menneskeleg. Særleg den første verdskrigen gjorde stor skade i Frankrike. Det franske verdsimperiet mista store landområde, og statusen som ein dominerande verdsmakt forsvann. Etter den andre verdenskrigen vart den fjerde republikken danna. I 1958 vart det utarbeida eit semipresidensielt demokrati, kjent som den femte republikken.
Etter siste verdskrig har Frankrikes forsoning og samarbeid med Tyskland vist seg å vera sentralt i spørsmålet om politisk og økonomisk integrasjon av Europa, mellom anna med innføring av felles valuta (euro) i januar 1999.
Frankrike har stått i spissen av europeiske statar som ønskjer å nytta den monetære unionen til å fremme eit meir samla og handlekraftig europeisk politisk-, forsvars- og tryggleiksapparat. Men det er teikn på at dette har gått for fort for folket i Frankrike. I ei folkeavrøystning i mai 2005 vart det fleirtal mot ratifiseringa av traktaten om ei forfatning for Europa.
Frankrike er delt inn i 22 regionar. Regionane er igjen delt inn i departement, som igjen er delt inn i arrondissement og kommunar.
Dei franske regionane er:
Frankrike | EU-land | Land i Europa | NATO-land | Schengen-land
Frankrike | Frankrike | Frankrig | Frankryk | Frankreich | Francland | فرنسا | Franzia | France | Francia | Hoat-kok | Францыя | Francuska | Bro-C'hall | Франция | França | Франци | Francie | Francia | Ffrainc | Frankreich | Prantsusmaa | Γαλλία | France | Francia | Francio | Frantzia | فرانسه | France | Frankryk | An Fhrainc | An Fhraing | Francia - France | ફ્રાઁસ | 프랑스 | Ֆրանսիա | फ़्राँस | Francuska | Francia | Francia | Perancis | Francia | Франц | Frakkland | Francia | צרפת | ಪ್ರಾಂಸ್ | საფრანგეთი | फ्रांस | Pow Frynk | Frans | Fransa | Fransia | Francia | Francija | Frankräich | Prancūzija | Frankriek | Falansia | fasygu'e | Franciaország | Франција | Frantsa | फ्रांस | Perancis | Франц улс | France | Frankrijk | Fraankriek | フランス | France | França | فرانسىيە | فرانسه | Frankriek | Francja | França | Franţa | Franchiya | Frantscha | Франция | फ्रांस | Frantza | Fraunce | France | Franca | Francia | France | Francúzsko | Francija | Француска | Ranska | Pransya | பிரான்ஸ் | Fransa | ประเทศฝรั่งเศส | Pháp | Pranis | Fransa | Франція | فرانس | Prantsusmaa | 法國 | 法国
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Frankrike".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world