Undeveloped film.png Ein fotografisk film er ein film for stillbilete og «levande» film som vert bruk i fotografiapparat.
Vanlegaste filmtypen er 135-film (35mm-film). Denne vart fyrst teken i bruk av Leitz Wetzlar i Leica-kamera i 1920-åri, og er difor ogso vorte kalla for Leicafilm. Han vart opprinneleg brukt til kinofilm, og er ogso det vanlegaste formatet på kino i dag.
Negativformatet er 24x36mm (2:3). Biletstorleiken er 10x15cm (før 9x13cm), og kvaliteten er svært bra.
Det har ogso vore andre negativformat på 135-film, det vanlegaste har vore halvformat, med plass til 72 bilete på ein 36-biletes film.
Den nyaste filmtypen er APS-film (Advanced Photo System), som no er på veg ut att. Her kan fotografen velja mellom tre ulike biletstorleikar når han fotograferer (10x15/18/25, kalla C, H, og P). Filmen har ei magnetstripe som registrerer ulike opplysningar (dato, biletstorleik, tal bilete som er teke på filmen osb.). Biletkvaliteten er ca 30% dårlegare enn på 135-film, ettersom formatet er mindre.
Den vanlegaste filmtypen forøvreg er 120-film. Breiddi på filmen er 6cm. Den blir no stort sett berre nytta av fagfotografar, ofte til portrett. Negativformatet er avhengig av kva kamera ein brukar, og går i centimeter: 4,5x6; 6x6; 6x7; og meir uvanleg: 6x9, 6x12, 6x16. 6x6-formatet gjev 12 bilete på ein film. Biletkvaliteten er ein del betre enn på 135-film.
Bladfilm finst ogso i to større format; 5x7" og 8x10". Dei blir for det meste brukt til reklamefotografering.
POLAROID-film er kjenneteikna ved at ein får bileti ferdige med ein gong. Det er diverse storleikar. Nokon er også med negativ. (Det finst ogso vanlege filmar med Polaroid-namnet.) Kodak hadde ogso ein gong kamera og film for "Instant"-bilete (augeblikksbilete), men måtte legga ned produksjonen etter press frå Polaroid.
Film finst hovudsakeleg som negativ og som positiv, i farge og i svart-kvitt.
Negativ fargefilm er den vanlegaste typen. Den gjev gode fargebilete på papir. Negativ svartkvittfilm gjev svart-kvittbilete på papir. Dette kan ivrige amatørar ogso enkelt gjera sjølve (men dei fleste har gått over til det "digitale mørkerom").
Positiv fargefilm er vanlegast å bruka for vidarekomne amatørar. Her blir kvart enkelt bilete (kalla positiv, lysbilete, slides, dias) sett i råmer, som so blir sett i eit magasin i ein framvisar og vist fram på lerret i eit mørklagt rom. Eller ein kan bruka ein liten betraktar. Det kan ogso lagast papirkopiar, men kvaliteten blir vanlegvis ikkje so bra som frå negativfilm.
Positiv svart-kvittfilm er lite brukt.
Det finst ogso diverse spesialfilmar, som t.d. infraraud film. Den registrerer varmestrålar i staden for synleg lys.
Fotografisk film | Film (foto) | Fotografischer Film | Photographic film | Película fotográfica | Pellicule photographique | Película fotográfica | 필름 | Pellicola fotografica | סרט צילום | フィルム | Błona fotograficzna | Filme fotográfico | Фотоплёнка | Photographic film | Filmi | ฟิล์ม | Film (fotoğrafçılık) | 底片
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Fotografisk film".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world