article Related Topics:
Finland :: Finlandia_University
 

Republikken Finland ligg i Norden. Finland har sidan 1995 vore medlem av EU og er det første og einaste nordiske landet som har innført euro som valuta.

Historie


Finland sitt nesten 700 år lange felleskap med det svenske kongedømet byrja i 1154 da kristendommen vart innført av den svenske kong Erik. I denne perioda vart svensk det dominerande språket. Etter at det finske nasjonale eposet Kalevala vart utgjeve og med etterfølgjande finsk nasjonalisme i det 19 århundre, vart finsk på nytt dominerande.

I 1809 vart Finland erobra av tsar Aleksander I av Russland og var deretter eit autonomt område knytt til det russiske imperiet fram til slutten av 1917. Den 6. desember 1917, kort tid etter den russiske revolusjonen, erklærte Finland seg uavhengig. I 1918 opplevde landet ein kort og svært bitter borgarkrig som kom til å prege landet i åra etter. I 1939 stilte Sovjetunionen territoriale krav på Finland, noko som vart avvist og Finland vart difor angrepe i den finske vinterkrigen.

Under den 2. verdenskrig kjempa Finland mot Sovjetunionen to gonger; Første gong i Vinterkrigen frå 1939-1940 og på ny i den finske framhaldskrigen 1941-1944. Den siste krigen vart følgd av Lapplandskrigen i 1944-1945 der Finland kjempa mot Nazityskland etter at tyskerane trekte attende troppane sine frå nordfinland.

Traktater underskrivne i 1947 og 1948 med Sovjetunionen, inneheldt sterke forpliktelsar for landet, samt ei rekke betingelser for landet sine territorialgrensar. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst vart det mogleg for Finland å føre ein annanleis utanrikspolitikk, og landet vart medlem av EU i 1995.

Politikk


Finland er ein republikk. Republikken blir leia av presidenten som blir valt i to omganger for ei seksårsperiode. Presidenten har mellom anna som oppgave å stadfeste lover og å lede utanriks- og sikkerheitspolitikken saman med regjeringa.

Finland er eit semipresidentielt demokrati med ein folkevalt riksdag. Regjeringa i Finland kallast statsrådet (valtionneuvosto på finsk). Val blir heldt kvart fjerde år i mars. Regjeringa leias av ein statsminister. Etter riksdagsvalet utnemner presidenten ein statsministerkandidat til riksdagen som enten godkjenner kandidaten eller forkastar forslaget. Etter dette utnemnes statsministeren av presidenten og saman utnemner dei regjeringa som seinare godkjennast av riksdagen.

Demografi


Det er to offisielle språk i Finland: finsk som blir snakka av 93 % av finnane, og svensk som blir snakka av finlands-svenskane som utgjer 6% av folkesetnaden. Dei samiske språka har vore ofisielle språk i samanes heimtrakter sidan 1992. I nord er det rundt 7000 personar som snakkar samisk.

Dei fleste finnar (84 %) er medlem av den evangelisk-lutherske kyrkja. 1 % er med lem av Den ortodokse kyrkja. Resten inkluderer andre protestantiske kyrkjesamfunn, katolikkar, muslimar og jødar og 14% som ikkje er medlem i noko trussamfunn.

Etter Vinterkrigen der Sovjetunionen okkuperte og annekterte viktige delar av Finland, måtte 12 % av fokesetnaden i Finland finne seg ein ny stad å bo. Krigsskadeerstatningar landet vart pålagt, arbeidsløyse, og usikkerheit om landet ville klare å forbli fritt, førte til omfattande emigrasjon som først avtok på 1970-talet. Inntil da hadde ein halv million finnar emigrert fyrst og fremst til Sverige. Halvparten av desse har seinare returnert til Finland.

Grand duchy of finland 1662.jpg

Geografi


Finland grenser i vest til Bottenvika/Ålands hav og i sør til Finskebukta. Landet grenser i nord til Sverige, Russland og Noreg. I sør over finskebukta ligg grenselandet Estland. Finland har ein 1250 kilometer lang kyst mot Austersjøen som strekkjer seg frå Finskebukta i sør til Botnvika i nord.

Finland blir kalla «dei tusen sjøars land» som stemmer godt sidan det er meir enn 60 000 sjøar i landet. Det meste av Finland ligg under 200 m.o.h. og det høgaste fjellet er Halti på 1 328 m.o.h.

Len

Finland er delt inn i 6 len (fi.lääni sv. län).

Åland har sjølvstyre, utanom i militære og utenrikspolitiske sakar. Åland er ei demilitarisert sone.

Finland er vidare delt inn i 20 landskap og 431 kommunar.

Økonomi


Finland har ein høgt industrialisert marknadsøkonomi med eit bruttonasjonalprodukt per innbyggjar på nivå med England, Frankrike, Tyskland eller Italia. Hovudnæringane er tre og papirindustri,telekommunikasjon, maskin og elektronikkindustri. Eksport utgjer nesten ein tredel av bruttonasjonalproduktet. Utanom tømmer og ein del mineral så er Finland avhengig av råvareimport. Finland har eit underskot på energikjelder og importerer mykje olje.

Med bakgrunn i klimaet er landbruket konsentrert om å vere sjølvforsynt i dei grunnleggjande matvarer. Skogdrift som er ei viktig eksportnæring er eit alternativ til landbruk for folk i distrikta.

Ein sterk auke i integrasjonen mellom landa i vestauropa har ført til at Finland var eit av dei 11 landa som innførte Euro som valuta den 1. januar 1999. Det er forventa at denne integrasjonen vil halde fram dei neste åra og dominere det økonomiske biletet i landet.

Sjå au


Lenkjer ut


Finland | land i Europa | EU-land | Schengen-land | NATO-land

Finland | Finland | Finland | Finland | فنلندا | Finlandia | Finlandia | Suomi | Фінляндыя | Finska | Finland | Финландия | Finlàndia | Финлянди | Finsko | Y Ffindir | Finnland | Soome | Φινλανδία | Finland | Finlandia | Finnlando | Finlandia | فنلاند | Finnland | Finlande | Finlân | An Fhionlainn | Suòmaidh | Finlandia - Suomi | 𐍆𐌹𐌽𐌽𐌰𐌻𐌰𐌽𐌳 | 핀란드 | Pinilana | फ़िनलैंड | Finska | Finlando | Finlandia | Finlandia | Финлянди | Finnland | Finlandia | פינלנד | ფინეთი | Fińskô | Pow Finn | Fenlann | Fînlanda | Finnia | Somija | Suomija | Finland | Finnország | Финска | Finland | Finland | Finland | Finlaand | フィンランド | Fînlande | Finlàndia | فىنلاندىيە | فېنلانډ | Finnland | Finlandia | Finlândia | Finlanda | Finland | Finlandiya | Финляндия | Suopma | Finlanda | Finlandia | Finland | Fínsko | Finska | Финска | Finska | Suomi | Finland | பின்லாந்து | Finlândiä | ประเทศฟินแลนด์ | Phần Lan | Finlandiya | Финляндия | Фінляндія | Suomiyän | Soomõ | Finlande | פינלאנד | 芬兰

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Finland".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld