E coli at 10000x.jpg
Escherichia coli (ofte forkorta som E. coli) er ein gram-negativ bakterie som er fakultativt anaerob. Enkelte patogene E. coli-stammar produserer enterotoxin. E. coli finst òg i vanleg tarmflora i tykktarmen. Han er ein vanleg patogen tarmbakterie ved infeksiøse gastroenterittar. E. coli er truleg den bakterien som er best dokumentert i den vitskaplege litteraturen.
Våren 2006 vart E. coli godt kjent for folk flest i Noreg, da mange ungar vart lagt inn på sjukehus med nyresvikt etter å ha vorte utsett for giftige stammar av bakterien.
E. coli i vassreinsing og kloakkbehandling
Innan vassreinsing og kloakkbehandling vart
E. coli tidleg valt som ein
indikator på
forureiningsnivået i vatn. Høgt tal på
E. coli i ein prøve vil vanlegvis bety store mengdar avføring i vatnet. Grunnen til at
E. coli er godt eigna til dette, er at det er mange fleire
koliforme bakteriar i menneskeleg avføring enn det er
patogenar (slik som
Salmonella Typhi - som gjev tyfus) og ettersom
E. coli som oftast er harmlaus, kan dei ikkje "sleppe laus" i labbben og skade nokon. Nokre gonger kan imidlertid
E. coli ikkje brukast som indikator på menneskeleg avføring - f.eks. i miljø der
E. coli gror godt - slik som ved
papirfabrikkar.
E. coli og sjukdom
Det er tre moglegheiter for at den elles harmløse
E. coli kan forårsake sjukdom:
- Når bakteriar kjem ut frå tarmane og inn i urinrøret kan dei forårsake ein infeksjon som nokre gonger blir kalla «bryllupsreise-blærekatarr» fordi seksuell aktivitet kan transportere tarmbakteriar til urinrøret. Sjølv om dette er mest vanleg hos kvinner, skjer det hos begge kjøn. Hos eldre er kjønsfordelinga lik. Dårleg toaletthygiene kan vera ei årsak til denne sjukdommen, men det er òg andre faktorar som er viktige: graviditet, forstørra prostata og analsex.
- Når bakterien kjem ut ifrå tarmen gjennom ei perforering (hol eller rift - f.eks. fra ein svulst) og inn i bukhula, vil han vanlegvis forårsake ein infeksjon kalla peritonitt, som kan vera dødeleg. E. coli er ekstremt følsam for antibiotika slik som streptomycin eller gentamycin og dermed er behandling med antibiotika av denne tilstanden suksessfull.
- Nokre stammar av E. coli er giftige og kan forårsake matforgiftning. Dette får ein som oftast ved å eta kjøt som er utsett for E. coli i slakteprosessen. Omfanget av sjukdomen varierer - han kan vera dødeleg for ungar, eldre eller andre med svakt immunforsvar, men er som oftast ikkje veldig farleg.
Bakteriar
Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | Escherichia coli | ಇ. ಕೋಲಿ | Escherichia coli | 大腸菌 | Pałeczka okrężnicy | Escherichia coli | Кишечная палочка | Ешерихија коли | Escherichia coli | อีโคไล | E. coli | Escherichia coli | 大腸桿菌