article Related Topics:
Erythromycin :: Erythromycin_and_Sulfisoxazole
 

Erythromycin er eit makrolid antibiotikum som kan brukast i staden for penicillin.

Erythromycin har eit antimikrobielt spekter som liknar det for penicillin eller er litt vidare enn dette. Difor kan det nyttast av menneske som er allergiske for penicillin. Ved luftvegsinfeksjonar verkar det mot fleire typar bakteriar enn penicillin, og det verkar også mot atypiske mikroorganismar som mycoplasma og klamydia. Det vert også brukt mot kjønnssjukdomane syfilis og gonorré.

Opphav


Erythromycin vert laga av ein stamme actinomyces, Saccaropolyspora erythraea. Desse kjem opphavleg frå Iloiloprovinsen på Filipinane.

Stoffet blei isolert av legemiddelselskapet Eli Lilly i 1949 og lansert i 1952 under namnet Ilosone.

Verkemåte


Antibiotikumet held bakteriar frå å veksa ved å hindra proteinsyntesen deira. Det bind seg til ribosomeininga 50S og hindrar dermed peptiddanninga.

Bieffektar


Reaksjonar som kvalme, oppkast, magevondt og diaré er ganske vanlege biverknader av stoffet, og det blir derfor sjeldan brukt i første omgang om ikkje andre tilhøve talar for det.

lækjemiddel | antibiotika

Erythromycin | Erythromycin | Erythromycin | Eritromicina | Érythromycine | Eritromicin | エリスロマイシン | Erytromycyna | อิริโทรมัยซิน | Eritromisin | 红霉素

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Erythromycin".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld