Den alminnelige oppfatinga er at den originale standarden var lengda av foten åt ein mann. Den gjennomsnittlege fotlengda for dagens europearar er omtrent 24 cm. Omtrent 996 av 1000 britiske menn har ein fot som er kortare enn den britiske foten. I mellomalderen var folk enda mindre. Ein plausibel forklaring på dei manglande centimetrene er at måleeininga ikkje refererte til ein naken fot, men til lengda av fotty. Dette er konsistent med at måleeininga er makeleg å bruke til praktiske føremål som byggjeplassar osv. Folk skrittar som regel alltid opp avstandar medan dei har sko eller støvlar på i staden for å ta dei av og skritte opp barføttes.
Standardiseringa av mål og vekt har enda opp med fleire forskjellige standardar for fot. Den mest brukte i dag er den britiske imperial foot, definert som 0,3048 m. Eininga vert nokon gonger gjeve med symbolet ′ (for eksempel 30′ tyder 30 fot), som ofte tilnærast med symbolet ' (ein apostrof). Tilsvarande oppgjer ein ofte tommar med symbolet ″ (for eksempel 6″ er 6 tommar og 2′3″ er 2 fot 3 tommar), som ofte tilnærast med symbolet " (dobbelt rett hermeteikn). Begge tilnæringane (' og " framfor ′ og ″) er komfortable, men ikkje korrekt typografisk.
Fot som måleeining blei tidlegare nytta i nær sagt alle kulturar. Det første kjente standardmålet for fot var frå Sumeria kor definisjonen er gjeve i ein statue av den sumeriske herskaren Gudea av Lagash frå omkring 2575 f.Kr. Den moderne imperial foot blei henta til Europa frå Egypt og tilpassa av dei gamle grekarane, og ein påfølgjande lengre fot blei brukt av romarane.
I tillegg til nåtidas standard imperial foot finst det ein litt annan U.S. survey foot, som U.S. Coast and Geodetic Survey nyttar. Denne er definert som nøyaktig 12 U.S. survey inches, som er omtrent 30,48006 cm.
Fot (mål) | Fot (måttenhet) | fod (længdeenhed)
قدم | Фут | Foot (unit of length) | Stopa (jednotka délky) | Fuß (Einheit) | Futo | Pie (unidad de longitud) | Jalg (pikkusühik) | Pied (unité) | רגל (יחידת מידה) | Piede (unità di misura) | Láb (mértékegység) | Voet (lengtemaat) | フィート | Stopa angielska | Pé (unidade) | Фут | Foot | Čevelj (dolžinska mera) | Jalka (pituusyksikkö) | Фут | 英尺
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Eininga fot".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world