Drakme (pl. drakmer; gresk δραχμή, pl. δραχμές) er:
Ordet drakme kjem frå verbet drassomai (δρασσομαι), som tyder å gripe. Den opphavlege tydnaden kan difor truleg best oversetjast som ei handfull. Dette utvikla seg til ei fast eining, opphavleg seks jernstenger av spesifikk lengde og tjukkelse. Antalet vart bevart i inndelinga av drakmen i 6 oboler. Som mynteining rekna ein sølvverdien av dette, ca. 4,5 til ca. 6 gram sølv, eller tilsvarande verdi i anna metall. Den oftast brukte mynten var tetradrakmen, det vil seie fire drakmer (ca. 18 til ca. 24 gram sølv). Det er ikkje muleg å samanlikne verdien direkte med moderne valutaer, men det kan nemnast at i 1. århundre f.Kr. var dagsløna for ein kroppsarbeidar omlag 1 drakme.
Den moderne mynteininga vart innført etter at Hellas vart uavhengig i 1829. Den var delt i 100 lepta; på grunn av kraftig inflasjon etter den andre verdskrigen og den påfølgjande borgarkrigen fall lepta-myntene etterkvart ut av bruk.
Då Hellas knytta sin valuta til euroen 1. januar 2001 var kursen fastsatt til 340,75 drakmer for 1 euro. Drakmemyntar og -sedler vart fortsatt brukt inntil nye euromyntar og -sedlar vart innført 1. januar 2002. Drakmen var på det tidspunkt den eldste mynteining som var i bruk, men ikkje den eldste som har vore i kontinuerlig bruk.
Drakme | Drakme | Драхма | Griechische Drachme | Δραχμή | Greek drachma | Dracma | Draĥmo | Drachme | 드라크마 | Dracma | Драхмэ | Drachme | ドラクマ | Drachma (moneta) | Dracma | Drahmă | Драхма | Drahmi | 德拉克马