Digital informasjon er informasjon basert på det binære tallsystemet, 0 og 1. Analoge signal (som til dømes lyd) må kodast digitalt ved å punktprøve ("sample") lyden, altså ta prøvar av lyden fleire gangar pr. sekund og konvertere dette til digital informasjon (nullar og ett-tal).
Instruksjonar i et dataprogram og alle former for data er bygde opp av kombinasjoner med 0 og 1 sett saman i grupper (til dømes ein byte som er 8 binære verdiar). Ein seier at informasjonen er lagra digitalt.
Digitale signal er signal der amplitudea brått endrar seg frå eit nivå til eit annet. Dette i motsetnad til et analogt signal som skiftar verdi kontinuerleg. Endringane brukes til å representere dei binære verdiane 0 og 1 som alle datamaskiner er basert på anten det gjeld hamdsaming eller overføring av data.