Peso er den offisielle valutaen på Cuba, men grunna den spesielle situasjonen landet er i i høve til den kommunistiske økonomien, kombinert med USA sin handelsblokkade, er det i praksis tre ulike valutaer på Cuba:
- Cubansk peso (ISO 4217-kode CUP) er den opphavlege valutaen. Denne vert stort sett berre brukt av lokalbefolkninga til å kjøpe nødvendige varer. Denne valutaen kan du ikkje få veksla inn andre steder i verda.
- Amerikansk dollar (ISO 4217-kode USD) var inntil 14. november 2004 offisiell valuta, men frå denne datoen var ikkje dollaren lenger eit gyldig betalingsmiddel. Du kan få veksla amerikanske dollar på større hotell i landet og får da 0,9 «konvertible peso» for ein dollar. I praksis kan du framleis (1.1.2005) bruke amerikanske dollar på landet.
- Konvertibel peso (ISO 4217-kode CUC) er den offisielle turistvalutaen på Cuba. Her står det «peso» på den eine sida av valutaen og «$» på den andre sida, og tidligare svara den til nøyaktig 1 US$. Du får omlag 21 cubanske peso for ein konvertibel peso. Denne valutaen kan du heller ikkje få veksla inn andre stader i verda.
Biletgalleri
Image:1-cuc-a.jpg|1 CUC (mynt) Avers
Image:1-cuc-r.jpg|1 CUC (mynt) Revers
Image:5-cuc-a.jpg|5 CUC (setel) Avers
Image:5-cuc-r.jpg|5 CUC (setel) Revers
Image:10-cup-a.jpg|10 CUP (setel) Avers
Image:10-cup-r.jpg|10 CUP (setel) Revers
Valuta | Cuba
Cubansk peso | Peso cubà | Kubanischer Peso | Cuban peso | Peso cubano | Cubaanse peso | Peso kubańskie | Peso cubano