article Related Topics:
Bolivian :: Bolivia
 

Bolivia er ein republikk i Sør-Amerika som grensar mot Chile, Peru, Brasil, Paraguay og Argentina.

Hovudstaden er La Paz, men dei største byane er Santa Cruz og Cochabamba.

Historie


Det har budd folk i Andesregionen i om lag 20 000 år. Rundt 1450 vart det som i dag er Bolivia ein del av inkariket. Inkaene kontrollerte området fram til 1533, då Spania hærtok og koloniserte området. Landet fekk sjølvstyre i 1825, og ein valde å kalla opp landet etter fridomshelten Simón Bolívar. Sidan då har nesten 200 militærkupp og motkupp prega landet si historie. Landet mista tilgangen til kysten under Stillehavskrigen rundt 1880. Eit demokratisk styre vart etablert i 1982, men landet har store problem med utbreidd fattigdom, sosial uro og narkotikaproduksjon. Etter at president Sánchez de Lozada flykta frå landet i 2003, vart visepresidenten, Carlos Mesa sett inn som ny president i Bolivia. Etter mykje uro trakk Mesa seg, og Eduardo Rodríguez Veltzé vart sett inn som interimpresident 9. juni 2005. Evo Morales overtok embetet 21. januar 2006 etter valsigeren i desember.

Geografi


Natur

I vest strekkjer Bolivia seg inn i Andesfjella, der Nevado Sajama er det høgaste fjellet, med sine 6 542 m. Dei sentrale delane av landet ligg på høgfjellsplatået Altiplano, der mesteparten av folket bur.

Dei austre delane av landet er eit lavlandsområde som er dekt av regnskog. Her ligg det lågaste punktet i landet, Rio Paraguay, 90 meter over havnivå.

Bolivia departments named.png | Titicacasjøen ligg på grensa mellom Bolivia og Peru.

Heilt i vest ligg Salar de Uyuni, som er verdas største saltørken.

Departement

Bolivia er samansett av ni fylke, kalla departement (departamentos). Desse er: Beni, Chuquisaca, Cochabamba, La Paz, Oruro, Pando, Potosi, Santa Cruz og Tarija.

Bolivia | Land i Sør-Amerika

Bolívia

Bolivia | Bolivia | Bolivia | Bolivia | بوليفيا | Bolibia | Bolivia | Wuliwya | Боливия | Bolivia | Балівія | বলিভিয়া | Bolivija | Bolívia | Bolívie | Bolivia | Bolivien | Boliivia | Βολιβία | Bolivia | Bolivia | Bolivio | Bolivia | بولیوی | Bolivie | Bolivia | Bolivia | 볼리비아 | Bolivi | Bolivija | Bolivia | Bolivia | Bolivia | Bólivía | Bolivia | בוליביה | बोलिविया | Bolivi | Bolivia | Bolīvija | Bolivija | Bolivia | Bolívia | Боливија | Bolivia | Bolivia | Bolivia | Bolivia | Bolivien | ボリビア | Bolivia | بولىۋىيە | Boliwia | Bolívia | Bolivia | Bulibiya | Боливия | बोलिविया | Bolivia | Bolivija | Bolivia | Bolivia | Bolívia | Bolivija | Боливија | Bolivia | Bolivia | பொலிவியா | ประเทศโบลิเวีย | Bolivia | Bolivya | Болівія | 玻利維亞

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Bolivia".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld