article

Beetle Bailey, kalla Billy på norsk, er ein humoristisk teikneserie skapt av Mort Walker. Stripa går føre seg i den amerikanske hæren, og blei første gong gjeven ut i 1950. Beetle Bailey er dermed ein av dei eldste teikneseriane som den opphavlege teiknaren fortsatt står for.

Beetle Bailey (Billy) var opphavleg ein collegestudent som vart kalla Spider (edderkopp). I 1951, under Koreakrigen, let Walker han gå inn i hæren og endra samtidig namnet hans til Beetle (bille). Etternamnet fekk han til ære for John Bailey, ein tidsskriftsredaktør som hadde støtta Walker på vegen.

teikneseriefigurar | teikneseriar frå USA | humorteikneseriar | teikneseriestriper

Billy (tegneserie) | Knasen | Basserne

Beetle Bailey | Recruta Zero | Masi

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Beetle Bailey".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld