Waving-wiphala-01.png )]]
IslaDelSolFemmes.jpg. (Foto: User:Clairette )]]
Aymaraene er ei etnisk gruppe av urfolk i Andes i Sør-Amerika. Kring 2,3 millionar aymaraer lever i Bolivia, Peru, nordlege Chile og Argentina. Territoriet deira vart først kolonisert og assimilert i inkariket, seinare kolonisert av spanjolane på 1500-talet.
Historie
Ein trur aymaraene har levd i det som i dag er Bolivia og dels òg i Peru i over 2000 år. Somme assosierer dei med den avanserte sivilisasjonen som fanst med senter i
Tiwanaku, men samanfallet kan vere reint geografisk. Territoriet for aymarafolket, òg med det den gong historiske Tiwanaku vart erobra av
quechuaer frå inkariket under
Huayna Capac. Ein held det for sannsynleg at inkaene hadde sterk innverknad over aymaraene over ein lengre periode. Det er trekk ved arkitekturen i inkariket som syner ein påverknad frå Tiwanaku. Sjølv om aymarafolket var undersåttar under
inkaene, kom dei aldri til å ta til seg språket
quechua slik som vanleg var for andre folkegrupper i riket.
Geografi
I området kring
Titicaca finn ein aymaraene, og då med ein konsentrasjon sør om sjøen. Det urbane senter
El Alto ligg nær hovudstaden i Bolivia,
La Paz. Byen har ein folkesetnad på ca. 750 000 personar. Utanom dette senteret lever aymaraene på landsbygda og i småbyar som «
campesinos», spreidd rundt på
Altiplano.
Kultur
Aymara er språket for aymarafolket, men
spansk er dominant i regionen kor aymaraene lever, så mange har spansk som språk nummer to. Flagget
Wiphala er eit symbol for aymaraene; det er eit kvadrat sett saman av 7x7 mindre kvadrat i diagonale striper av sju ulike farger. Aymaraindianarane dyrkar og tygg
kokablad. Dette er ein fleire hundreår lang skikk som er knytt til tradisjonell medisin og religiøse ritual. Koka er offergåver til solguden
Inti og til jordgudinna
Pachamama. Kokadyrking vert motarbeidd av styresmakta av di koka kan nyttast som råstoff i
kokainproduksjon. I de seinaste åra har koka verte eit symbol for kulturell identitet i heile Andesområde.
Aymaraene som bur på øyer i Titicaca nyttar sivbåtar og har lenge hald i hevd kunne om å byggje sterke og pålitande sivbåtar. To aymaraer bygde «Ra-II» som Thor Heyerdahl og mannskapet hans segla over Atlanteren med stor suksess i 1970. Som kjent var det mangel på innsikt i byggjekunst som gjorde at den første båten «Ra-I» gjekk i oppløysing. Aymaraer var òg rådgjevarar under bygginga av sivbåten «Tigris» sju år seinare.
Frigjeringsrørsler
Det finst eit stor tal rørsler som arbeider for utvida fridom eller politisk makt for aymarafolket. Dette inkluderer geriljaorganisasjonen «Tupac Katari», leia av Felipe Quispe, og «Movimiento al Socialismo», organisert av leiar for kokabøndene og no president i landet,
Evo Morales. Desse organisasjonane har saman med andre vore involvert i aktivisme i Bolivia, mellom anna
den bolivianske gasskrigen i 2003 og
krisa i Boliva 2005. Eit mål for somme av rørslene har vore ein uavhengig
indianarstat,
Collasuyu med namn etter den sørlege og hovudsaklege aymariske provinsen i
Tawantinsuyu. Morales blei innsett som president i Bolivia frå januar
2006.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Aymara
- Øystein Kock Johansen: Thor Heyerdahl Vitenskapsmannen, eventyreren og mennesket Cappelen (2003) ISBN 82-02-23071-3
amerikanske urfolk
Aymara | Aymara | Aymara | Aymara | Aymara | Aymara | Aimara | Aymara | Aymara | Aymara | アイマラ | Ajmara | Aimará | Aymara | Aimarat | Aymara