article Related Topics:
Aurelia :: Aurelian :: Aurelius_Township
 

Sjå òg Aure kommune på Nordmøre. For andre tydingar av «Aure», sjå Aure (fleirtyding).
Bachforelle Zeichnung.jpg

Aure (Salmo trutta) er ein fisk i laksefamilien. Han er den mest utbreidde fisken i Noreg og truleg den mest populære sportsfisken. Fisken finst både som sjøaure og i fjellvatn heilt opp til 1.500 m.o.h.

Arten kan variera i storleik, form og levestad. Dette har gjeve han namn som til dømes brunaure, innsjøaure, bekkaure, fjellaure og sjøaure. Den siste blir rekna som ein næringsrisk feit fisk. Aurekjøtet er rosa.

Levestader


Aure gyt vanlegvis i rennende vatn. Sjøaure er anadrom og oppsøkar ferskvatn (elver) for å gyte. Der han ikkje har tilgong på rennende vatn kan den gyte på grunnar i stillestående vatn, men ikkje i saltvatn.

Aure finn ein vanlegvis i kalde vatn, klåre elver og innsjøar, og har spredd seg naturleg over heile Nord-Amerika, Europa og Nord-Asia. På starten av 1800-tallet vart aure frakta ifrå europa og til vatn og elvar i Australia og New Zealand, Det har medført at mange av dei fiskeartane som holdt til der har vårte utrydda.

Levevis


Aure er ein rovfisk og kannibal. Yngel og småfisk et krepsdyr, insektslarver, blautdyr og anna småfisk. Ofte går dei større individa etterkvar over på ein fiskediett og får ein snøggare vekstrate.

Bachforelle.jpg

Auretypar


Hundeaure er rekna for å være den største aurestamma i verda. I Noreg finn vi hundeaure på oppmot 20 kilo.

Langs vestkysten av Noreg vert namnet krede nytta om små fjellaure.

Lenkjer ut


Matfisk | Laksefamilien

Ørret | Öring | Truita de riu | Forelle | Trout | Trucha | Truite | Troita | Truto | Upėtakis | Frell | Forel | マス | Salmo trutta fario | Pstrąg | Truta | Trout | Postrv | Taimen

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Aure".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld