Arawak, også kalla maipuran, er ein språkfamilie i Sør-Amerika og Karibia. Opphaveleg var Arawak namnet på ein mektig folkegruppe som levde i Guyana og Surinam. Stammen blei allierte med spanjolane fordi dei tradisjonelt var fiendar til karibiske grupper som var i krig med spanjolane. Arawakspråk var utbreidd over heile Karibia på 1200-talet, men seinare kom karibindianarar frå Venezuela og etablerte seg på dei mindre vestindiske øyane. I tida då spanjolane kom til Amerika var arawakfolk utbreidd i austre delar av Andes i Peru og Bolivia, gjennom Amazonasbassenget i Brasil, nord gjennom Guyana, Surinam og Venezuela og sør til Paraguay.
Taíno, eit språk i familien, blei brukt på Cuba, Hispaniola, Puerto Rico, Jamaica og Bahamas med er truleg ikkje i bruk i dag. Arawakspråk vert nytta i Surinam i dag.
I tillegg finst 9 ikkje-klassifiserte arawakspråk.
Innfødde amerikanske språk | Språkfamiliar
Arawak-Sprachen | Arawakan languages | Línguas aruak | Аравакские языки