article

Matterhorn Riffelsee 2005-06-11.jpg spegler seg i ein alpesjø. (Foto: Dirk Beyer)]]

Alpane er ei fjellkjede som inneheld nokre av dei høgaste fjella i Europa og går gjennom Frankrike, Italia, Sveits, Liechtenstein, Tyskland, Slovenia, og Austerrike. Alpane er kjend for storslagen natur, alpinkøyring og små alpelandsbyar med særeigne tradisjonar.

Geografi


Fjella ligg mellom 43° og 48° N og mellom 5° og 16° Ø. Dei strekker seg gjennom det søraustlege Frankrike, dei nordlegaste delane av Italia, det sørlege og austlege Sveits, den sørlegaste delen Bayern, og vest og sentrale Austerrike i ein diger boge til Slovenia.

Alpane grenser mot Posletta i sør og fortset sørvest i Appenninane, som regel avgrensa i definisjonar av passet Col d'Altare. Dei er delt frå det midtfranske fjellmassivet av elva Rhône, men har ikkje noko klart skilje til dei franske Jurafjella. I nord grenser fjellkjeden til det sveitsiske, schwabiske og bayerske platået, som strekker seg frå Genève til Linz. I aust når Alpane Wien-bekkenet, som skil dei fra den naturlege fortsetjinga Karpatane, og til den vesle ungarske låvsletta. I aust blir dei etter kvart avløyste av lågare karstfjell i Slovenia og Kroatia.

Jungfrau.jpg i Sveits. (Foto: Roland Zumbühl)]] Lengden på fjella, frå Savona til Wien, er rundt 1 200 km. Den største breidden, mellom Gardasjøen og Kochelsjøen, er rundt 225 km, medan den minste, mellom Ivrea og Genèvesjøen, er rundt 125 km. Alpane har ei flatevidd på 176 000 km², og gjennomsnittshøgda er 1 400 meter. Sørskråningen er mykje brattare enn nordskråningen.

Mont Blanc på 4 810 meter er det høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa, medan Dufourspitze, Nordend og Dom er dei tre neste. Matterhorn, Jungfrau og Piz Buin er andre kjende toppar.

Joseph Mallord William Turner 006.jpg med Mont Blanc av William Turner (1803)]]

Alpane i kulturen


Dei mektige alpefjella var inspirasjon for mange nasjonalromantiske kunstnarar, særleg tyske og britiske, til dømes Johann Heinrich Bleuler, William Turner og Percy Bysshe Shelley.

Fjella har òg gjeve namn eller kallenamn til mange andre fjellkjeder i resten av verda, til dømes Sunnmørsalpane og dei australske alpane.

På verdsveven


Alpane | fjell i Europa | fjellkjeder

Alpene | Alperna | Alperne | Alpe | Alpen | ألب | Alpoù | Алпи | Alps | Alpy | Alpen | Alpid | Άλπεις | Alps | Alpes | Alpoj | Alpeak | Alpes | Sliabh Alpa | 알프스 산맥 | Alpe | Alpafjöll | Alpi | הרי האלפים | Alpes | Alpės | Alpok | Alpen | アルプス山脈 | Alpy | Alpes | Alpi | Альпы | Alpi | Alps | Alpy | Alpe | Алпи | Alpe | Alpit | เทือกเขาแอลป์ | Alps | Alpler | Альпи | 阿尔卑斯山

 

This article is licensed under the GNU Free Documentation License. It uses material from the "Alpane".

Home Pageartsbusinesscomputersgameshealthhospitalshomekids & teensnewsphysiciansrecreationreferenceregionalscienceshoppingsocietysportsworld