Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644 - Tyge Nielssøn - Christiania.gif sin Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644.]] Ein Almanakk (òg kjend som filofax og sjuande sans) er ein årleg publikasjon som inneheld informasjon om eit eller fleire avgrensa emne, lagt opp etter kalendaren for det gjeldande året. Den informasjonen som er mest vanleg å finne i ein tradisjonell almanakk er astronomiske data, og statistikk over til dømes soloppgang og -nedgang, fullmåne og halvmåne, tidevatn, offentlege festdagar og fridagar, osb. I nyare almanakkar er det òg vanleg med små ruter for kvar dag i året, der eigaren kan skrive inn eigne notat.
Ordet almanakk kjem av arabisk; al-manaakh, «klimaet», og reflekterar det opphavelege føremålet med almanakken; å informere om korleis vèret og klimaet kom til å påverke jordbruksproduksjonen.
Den eldst kjende norske alkmanakken er datert til 1644, då Tyge Nielssøns ga ut sin almanakk i Christiania; Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644. Almanakken inneheldt 48 sider, på om lag 10 × 7,5 cm. Denne almanakken er òg rekna å vere den første norske boka som har vorte publisert.
Emne som ofte vert dekt av store, moderne almanakkar er sport, kultur (t.d. prisutdelingar), geografi, styresmakter, demografi, jordbruk, økonomi, næringsliv, helse, religion, massemedia, transport, vitskap og teknologi.
Men trass i at filofaxen er ein sterkt komprimert almanakk har han likevel teke med seg innhald frå storebroren. Filofaxar har nesten alltid oversiktskalendrar og lister over flaggdagar, omrekningsformlar for til dømes valuta og romartal, kort statistikk om til dømes Noreg, osb. I seinare tid har òg Grieg Kalenderforlag laga eigne mini-atlas til filofax-lommebøker.
Ordet «filofax» kjem av engelsk; «file of facts».
Dei første handheldte datamaskinene (PDA) som kom på marknaden var produserte som reine digitale kalender-almanakkar.
Tidlege almanakkar vart laga av astrologar, og inneheldt ofte generelle horoskop i tillegg til konkret statistikk og informasjon.
Den eldst kjende norske alkmanakken er datert til 1644, då Tyge Nielssøns ga ut sin almanakk i Christiania. Almanakken inneheldt 48 sider, på om lag 10 × 7,5 cm.
Almanakk | Almanak | Almanach | Almanac | Almanaque | Almanaka | Almanach | Almanak | Arménâ | Almanach | Almanaque | Альманах | Årmonak | 年鉴
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Almanakk".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world