Akevitt-linie.jpg]]
Akevitt er eit nordisk brennevin med rundt 40 volumprosent alkohol, som kan vera klart eller gyllent på farge. Akevitten er som regel laga av potet, men kan også lagast av korn, på same måte som snaps. Poteta blir mosa og gjæra, og er så destillert to gonger for å laga akevitt.
Den krydra brennevinen
Akevitten får den særmerkte smaken sin frå dei mange
kryddene som er blanda i medan han er destillert den andre gongen.
Karve er viktigast og er alltid brukt, men andre krydder kan også blandast i for å gje god ange, mellom anna
anis,
fennikel,
kardemomme,
vanilje,
koriander,
sitronskal og
lakris. Akevitt vert som oftast drukke ublanda, og nokon hevdar at han smakar best når han er drukke frå eit
glas som har vorte litt kulsa.
Historie
Me veit ikkje kor lenge ein har laga akevitt i
Noreg, men den første gongen han blei nemnd var i
1531. Den
14. april det året sendte
Eske Bille, ein
danske som var slottsherren til
Bergenshus, ei pakke til
Olav Engelbrektsson, den siste
erkebiskopen i Noreg, som då budde på
Steinvikholm slott i
Stjørdal. Pakka hadde:
- «nogit Watn som kallis aqua vite och hielper samme watn for alle haande kranckdom som ith menneske kandt haffue indvortes och udvortes.»
Akevitten som Engelbrektsson fekk var ikkje det same som me drikk i dag - det var basert på korn og ikkje potetsprit som no, og var fusel (ureinsa). Akevitt har etter det utvikla seg over fire hundre år til han blei drikken som av særleg nordmenn vert seten stor pris på i dag.
Linie
I
1840 drog eit norsk
skip, '
Preciosa', forbi
Kapp Horn. Skipet hadde akevitt i
eikefat som var blitt brukt for
sherry før.
Mannskapet meinte at akevitt smakte mykje betre etterpå, og dermed blei '
linie-akevitt' oppfunne. Linieakevitt er i dag laga av
Løiten og
Lysholm, som sender akevitten bortanfor
ekvator til
Australia og tilbake i same slags eike
fat.
I dag
Det finst veldig mange forskjellige typar akevitt som er laga i Noreg. Dei bruker forskellige
oppskrifter, forskjellig tid for å lagra akevitten, og forskellige krydderblandinger.
Løiten,
Opland,
Lysholm og
Simers er rekna som dei fire klassiske, men mange set også pris på
Gilde.
Norske akevitters venner gjev ut eit medlemsblad med råd om ymse akevittar. Mange
nordmenn feirar den
14. april som «akevittens dag».
Bakgrunnsstoff
brennevin | norsk drikke
Akevitt | Brännvin | Brændevin
Акавіта | Aquavit | Akvavit | アクアビット | Aquavit