Ørner (Accipitridæ) er store rovfuglar frå haukefamilien. Ein finn ørn først og fremst i Asia og Europa, men det finst òg nokre typar i Afrika og Amerika. Artane kongeørn og havørn lever i Noreg.
Dei ptolemaiske herskarane av Egypt brukte fuglen i seglet sitt. Ørna var fuglen til Zevs og Jupiter i gresk og romersk gudelære. Romarane brukte deretter ørna som symbol for hæren og riket sitt.
Shqipëria, Ørnelandet, på norsk kjend som Albania, bruker fuglen som nasjonalt symbol, og saman med Moldova har dei ei ørn på flagget sitt. Moldova og Romania bruker han òg på riksvåpna sine. Ørna er eller har vore nasjonalt eller kongeleg symbol for Preussen, Austerrike, Polen, Tsar-Russland og Sverige. Til dette siste landet kom symbolet gjennom Bernadotteslekta etter at Napoleon hadde gjenoppteke bruken av ørna som feltsymbol.
Medan europeisk bruk av ørner som hovudregel viser til kongeørna, har andre land teke i bruk andre mektige ørneartar som symbol. Filippinane sin nasjonalfugl er den truga apeørna, medan USA bruker kvithovudhavørna som nasjonalt symbol.
ørner | rovfuglar | haukefamilien
Örn | Ørn | Adler | Орел | Eryr | Adler (Biologie) | Eagle | Águila | Aglo | Aigle (oiseau) | Aglo | Aquila chrysaetos | עיט | Ereliai | Burung helang | Cuāuhtli | Adelaar | 鷲 | Orły | Águia | Eagle | Kartal (Aquila) | 鹰