Forest on San Juan Island.jpg i den amerikanske delstaten Washington. (Foto: Tom Harpel)]]
Økosystem er eit omgrep i økologien som omfatter eit samfunn av organismar (plantar, dyr og andre levande organismar) som fungerer saman med levemiljøet sitt (sjå biotop/habitat) som ei eining.
Eit økosystem danner ein dynamisk og kompleks heilskap i form av ei økologisk eining. Enkelte ser på det som ei basiseining i økologien, berre ein strukturert funksjonell eining i likevekt, karakterisert ved energi og materie som flytter seg mellom dei ulike komponentane som utgjer økosystemet. Ein del meiner imidlertid at ein slik definisjon er for avgrensa.
Eit økosystem kan variere enormt i storleik. Det kan vera ein heil skog så vel som ein liten dam. Ulike økosystem er ofte avgrensa av geografiske barrierer, slik som elvar, fjell eller fjordar. Det kan også vera avgrensa i seg sjølv, slik som til dømes innsjøar, ørken, osb. Sidan desse avgrensingane aldri er absolutte, overlapper ofte ulike økosystem kvarandre. Dermed kan sjølve jorda sjåast på som eitt stort økosystem, eller ein kan dele ein innsjø inn i fleire økosystem, alt avhengig av kva skala ein opererer i.
Orda økosystem og økoregion blir ofte brukt om einannan ved at store økosystem får nemninga økoregionar. Det er imidlertid stor fagleg semd om å definere økoregionar som geografisk definerte einingar, slik som relativt store vass- og landområde som har spesifikke eigenskapar. Inndeling i økoregionar er ein måte å kode ulike regionar der ein observerer særskilte mønstre eller likskapar i økosystema.
Produsentar og dekomponentar må vera til stade i eit kvart økosystem, medan konsumentar kan mangla.
Mellom artane finst det ulike former for samspel som regulerer populasjonen av kvar art og sørger for stabilitet eller utvikling i økosystemet.
Organismane i eit økosystem er vanlegvis vel balanserte i høve til kvarandre og til miljøet rundt. Innføring av nye miljøfaktorar eller artar kan ha katastrofale effekter og til slutt føre til at eit økosystem bryt saman eller at innfødde artar døyr ut. Det abstrakte omgrepet økologisk helse er eit forsøk på å måle styrken og evna til restituering for eit naturleg økosystem.
Økosystem | Ekosystem | Økosystem | نظام بيئي | Ekosistem | Ekosistem | Ecosistema | Ekosystém | Ecosystem | Ökosystem | Ecosystem | Ecosistema | Ekosistemo | Ekosistema | Écosystème | Ecosistema | 생태계 | Biocirkumaro | Ecosistema | מערכת אקולוגית | Ekosistema | Ecosysteem | 生態系 | Ecosistema | Ekosystem | Ecossistema | Ecosistem | Экосистема | Ekosystém | Екосистем | Ekosysteemi | Hệ sinh thái | Ekosistem | Екосистема | 生态系统
This article is licensed under the GNU Free Documentation License.
It uses material from the
"Økosystem".
Home Page • arts • business • computers • games • health • hospitals • home • kids & teens • news • physicians • recreation• reference • regional • science • shopping • society • sports • world