Alesund_by.jpg | General view, Alesund, Norway.jpg Ålesund er ein bykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Byen er i dag regionssenter for heile Sunnmøre, og fekk sine noverande grenser i 1977 da Sula vart skilt ut som eigen kommune. Ålesund er kjend for sine mange bygningar i jugendstil (Art Nouveau) — bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904.
Ålesund kommune måler ca. 98 km². av dette er 8 km² jordbruksareal. Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya atskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta, og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle og Kingston upon Hull.
Byen ligg nær både rike fiskebanker og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848. På 50- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda.
Andre industriar som har vore viktige for byen er skipsbyggjing og trikotasje.
Rikeleg med hjelp kom til Ålesund frå fjernt og nært i Noreg og i utlandet. Men mykje av den gode hjelpa vart fullstendig overskugga av det Tyskland i Keisar Wilhelm IIs namn sendte nordover. Keisaren hadde vore mykje på ferie i Sunnmøre, og no sørga han for at fire skip lasta med materiale vart send for å hjelpa byen til å reisa seg att. Attoppbyggjinga kom i gang for fullt utpå hausten 1904. Allereie tre år etter, i 1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist.
Sjå òg Bybrannen i Ålesund 1904.
- bgcolor="#FFFFFF" | Västerås i Sverige: | Venskapsby sidan 1947 | - bgcolor="#FFFFFF" | Akureyri på Island | Venskapsby sidan 1949 | - bgcolor="#FFFFFF" | Lahti i Finland | Venskapsby sidan 1947 | - bgcolor="#FFFFFF" | Randers i Danmark | Venskapsby sidan 1947 | - bgcolor="#FFFFFF" | Peterhead | Venskapsby sidan 1967 | - bgcolor="#FFFFFF" | Borgo a Mozzano i Italia | Venskapsby sidan 1979 | - bgcolor="#FFFFFF" | Tacoma i USA | Venskapsby sidan 1986. | - bgcolor="#FFFFFF" | I tillegg har byen eit godt forhold til byen Eu i Normandie i Frankrike. |
Ålesund | Sunnmøre | Hurtigruta | Kommunar i Møre og Romsdal | Byar i Møre og Romsdal
Ålesund | Ålesund | Ålesund | Ålesund | Ålesund | Ålesund | Ålesund | Aalesund | Ålesund | Ålesund | Ålesund | Ålesund | Ålesund